Tilbygg og påbygg
Bli verande. Få meir plass.
Ei større stove, eit nytt soverom eller ein betre inngang. Eit tilbygg kan gi huset nytt liv utan at du må flytta.

Dette kan inngå
- Gjennomgang av eksisterande bustad
- Tilbygg og nye rom
- Påbygg og endra planløysing
- Tilpassing av tak, fasade og overgangar
Nytt og gammalt skal fungera saman.
Me ser på proporsjonar, materialar og korleis du kjem deg mellom romma. Undervegs avklarar me kva som kan bevarast, kva som må endrast, og korleis arbeidet kan gjennomførast medan huset er i bruk.
Omfang og behov for andre fag blir avklarte for kvart prosjekt.
Frå tanke til gjennomføring
Du skal vita kva
som skjer vidare.
- 01
Den første praten
Fortel kva du vil få til. Me avklarar behov, rammer og eit naturleg neste steg.
- 02
Synfaring og vurdering
Me ser på staden, stiller spørsmål og går gjennom moglege løysingar.
- 03
Tilbod og plan
Du får oversikt over omfang, pris og framdrift før du tek ei avgjerd.
- 04
Arbeid og overlevering
Me følgjer opp vala undervegs og går gjennom resultatet saman.
Sjå eit konseptprosjekt
Tilbygg til einebustad
Ein eldre bustad får ein ny opphaldsdel og ein lettare veg ut i hagen. Eit illustrert døme på å byggja vidare på det ein har.
Utforsk prosjektet
Kva vil du få til?