Ei god nettside.
Ein overkomeleg start.

Kunden skal forstå kva du tilbyr, sjå kva du kan og finna vegen til deg. Eg hjelper deg å få det viktigaste på plass, med eit omfang du har oversikt over.

Stian Larsen · Framhev · Bømlo
Du samarbeider direkte med meg.

Førehandsvising av Riss Bygg med store bilete og tydeleg navigasjon
Riss Bygg er eit fiktivt nettsidedøme med KI-laga illustrasjonar.

Ei enkel nettside.
Ein god plass å byrja.

For deg som vil visa kva bedrifta gjer, skapa tillit og gjera det lett å ta kontakt. Me byrjar med det viktigaste.

  • Tre sider: framside, tenester og kontakt.
  • Eit tilpassa uttrykk som fungerer på mobil og datamaskin.
  • Tekstutkast bygde på opplysningane og bileta dine.
  • Éin samla runde med rettingar før publisering.

Rettleiande startpris7 900 kr

Tre sider. Eit uttrykk som passar deg.
Ein person å samarbeida med.

Snakk om ei enkel nettside

Rettleiande totalpris for arbeidet. Domene og hosting kjem i tillegg. Du får eit konkret tilbod før me byrjar.

Du skal vita
kva du får.

Startprisen gjeld ei enkel bedriftsside med tre eigne nettadresser. Me avklarar innhald og uttrykk før arbeidet startar.

Har du ei side frå før? Me ser på kva som kan brukast vidare, og kva som treng ein ny start.

Dette legg me til grunn

Du bidreg med fakta om bedrifta, logo og bilete du har rett til å bruka. Eg hjelper med oppbygging og tekstutkast. Du godkjenner innhaldet og samlar tilbakemeldingane i éin runde.

Dette blir avtalt i tillegg

Fleire sider, fotografering, ny logo, fleire rettingsrundar, nettbutikk, booking og skreddarsydde verktøy. Demoar som LUMA viser funksjonar utover startpakken.

Domene, hosting og eigarskap

Startprisen er ein rettleiande totalpris for arbeidet. Domene, hosting og eventuell vidare hjelp blir spesifiserte i tilbodet. Du eig nettsida, domenet og kontoane.

Sjå kva meir eg kan hjelpa med

Frå første prat
til di eiga nettside.

  1. Me avklarar behov og pris.

    Fortel om bedrifta og kundane dine. Du får eit konkret tilbod med innhald, pris og leveringstid før me byrjar.

  2. Du får sjå og prøva.

    Eg lagar eit fungerande utkast. Du prøver sida, kontrollerer tekst og bilete og gir samla tilbakemelding.

  3. Me gjer sida klar.

    Eg gjer den avtalte rettingsrunden. Når du har godkjent sida, avklarar me publisering og korleis endringar skal handterast vidare.

Du treng ikkje ha alt klart.

Eit par setningar om bedrifta di er nok til å byrja ein prat.

Snakk med meg om nettsida di