Få fram det som gjer deg verd å velja.

Eg lagar nettsider for små bedrifter som vil visa kva dei kan og få fleire til å ta kontakt. Du samarbeider direkte med meg, frå første prat til ferdig side.

Enkel bedriftsside frå 7 900 krSjå pris og innhald i startpakken
Sjå kva som er mogleg

Startpakken · Fiktivt nettsidedøme

Tre sider. Roleg og tydeleg.

Slik kan startpakken sjå ut: Heim, Tenester og Kontakt, med alle tenestene samla og ein enkel veg til kontakt.

Heim · Tenester · Kontakt
Sjå Gløtt og alle fire nettsidedøma

Ei enkel nettside.
Ein god plass å byrja.

For deg som vil visa kva bedrifta gjer, skapa tillit og gjera det lett å ta kontakt. Me byrjar med det viktigaste.

Sjå innhald og avgrensingar

Rettleiande startpris7 900 kr

Snakk om ei enkel nettside

Prisen gjeld sjølve arbeidet, og ingen mva. kjem i tillegg. Domene og hosting blir rekna for seg. Du får eit konkret tilbod før me byrjar.

Nettsida først.
Resten når du treng det.

Stian Larsen, personen bak Framhev

Du snakkar med den
som lagar sida di.

Eg heiter Stian og står bak Framhev. Du kjem direkte til meg, frå den første ideen til ei nettside du kan ta i bruk.

Treng du hjelp med synlegheit, foto, eit lite verktøy eller KI i tillegg? Me finn ut kva som passar prosjektet ditt.

Bli kjend med Framhev
Ta ein prat med meg